Fyrst av alt er det viktig å vere klar over at du aldri er forplikta til å gje ditt samtykke som nemnt i plan og bygningslova. §20-4, 3. ledd bokstav a. Dette er eit samtykke du gjev av fri vilje.
Vidare er det viktig å tenke på at eit samtykke som nevmt kan få konsekvensar for kva fridom du har i forhold til seinare byggetiltak på gjeldande eigedom.
Hovudregelen er at det alltid skal vere ein avstand til nabogrensa på 4 meter.
Dette innebære i praksis at det alltid skal vere minimum 8 meter mellom bygningar på naboeigedommar.
Forskriftsmessig brannsikring kan redusere dette avstandskravet.
Avstanskravet gjeld ikkje for enkelte typar mindre bygningar som ikkje er til å bu i.
Den som gjev samtykke, kan knytte vilkår til samtykket.
Avtalen som vert inngått bør vere klar og tydleg og kan tinglysas på begge eigedommane sin grunnbokblad.
Dette vil kunne motvirke seinare tvil og diskusjon om samtykkens innhald mellom partane.
Vedlagt følge eit forslag til samtykke etter plan og bygningslova §29-4, 3. ledd, bokstav 1.